mandag 20. april 2009

Gode, gamle dagar

Tone Mjelde, essay, desember 08


Tenk då verdas befolkning ikkje hadde bilar, tog eller fly og ein ikkje kunne reise kvar ein
ville, til kvar ein tid. Då all mat måtte vera heimelaga . Ja, til og med safta… Det var ei tid då
dei sterkaste overlevde og menn som ikkje hadde musklar var lite verd. Me har alle høyrd
besteforeldra våre snakke om denne tida, då mennesket var krafta bak alt: Gode gamle dagar.
Teknikk dominerer og styrer dagens samfunn. 90% av ungdommar frå 13 år har mobil
og enten ein ”ipod” eller ”mp3-spelar”. Ein treng ikkje kunne lage eigen musikk, alt ein treng
er å skru på ”ipoden” og høyre på kva musikk du vil høyre på. Mobilen har tatt over dei gamle
skjekkereplikkane og det er ikkje uvanleg med ”mobilforhold”, der ein kunn høyrer frå
kjærasten sin via mobil. Nesten i alle fall… Teknikken hjelper oss og med å byggje det sosiale
nettverket vårt og halde vennskap ved like. Ein kan ha vener over heile verda, utan å eingong
gå ut ifrå huset. Dette gjer det smertefullt og nesten umogleg for oss ungdommar å leve utan desse materielle tinga.
Flya tar oss kvar me vil. For eit par hundrelappar kan ein koma lengre enn nokon
andre hadde kome for mindre enn hundre år sidan. Me treng ikkje gjere noko som helst, berre
møte opp på flyplassen til riktig tid. Folk no til dags klarar ikkje det eingong.
Dagens menn… Kvar skal ein byrje? Før var ungdomstida glanstida til ein mann. Det
var tida då kroppen skulle tappast for alle krefter. Mesteparten av unge menn i dag er delt opp
i to, forferdelege, grupper:
Mann 1: Den typiske ungaren. Han beviser at det faktisk er mogeleg å overleve på ferdigmat
og Coca-Cola. TV-titting utan hjerneaktivitet og ”Grandiosa” i frysaren er røyndommen til
halvparten av Noregs unge menn. Dersom dei ikkje lever av statleg støtte, så jobbar dei som
lastebilsjåfør eller gravemaskinkjørar. Det er merkeleg kor stor forskjell det er mellom menn
før i tida, som ofra alt for familie og fedreland og notidas menn, som slit med å løfte ein
fjernkontroll.
Mann 2: ”Jentemannen”. Den andre halvparten av Noregs menn har vakse opp med å få alt
dei peikar på og får økonomisk hjelp av mamma eller staten resten av livet. Dei jobbar
kanskje svart eller driv med narkotikasmugling som gjer at dei tener forferdeleg mykje
pengar. Dei kler seg i designar klede, kjørar bilar som kostar fleire millionar og festar kvar
dag. Dei er både fysisk og psykisk svakare enn jentene og skrik dersom dei ser eit insekt.
Kvar er dei ekte mannfolka vorten av?
Det var ei tid då matlaging og husarbeid var kvinnenes område. Dersom me, kvinnene,
ikkje kunne halde orden i heimen og lage mat, var me ikkje mykje til koneemne. Mora i huset
kunne bruke ein heil dag, og nokre gongar meir, på å lage eit einaste måltid for familien.
Råvarene kom ikkje frå butikken, men hadde vorten slakta eller hausta inn av familien. Alt
vart lagd frå botn av. I dag, derimot, blandar dei fleste kvinner (og menn, som har kome meir
og meir inn i matlagingsprosessen) saman ”Toro-posar” med vatn og vips: Så er familie
middagen klar. Når eg tenkjer meg om… Kven orkar no det? ”Fjordland” har gått fram som
eit strålande eksempel på det aller nyaste innan ”matlaging”. For ein familie som lever på
”Fjordland” produkt er steikeomn, steikeplate, panne, lokk, ja i det heile tatt eit kjøkken,
unødvendig. Alt ein treng er ein mikrobølgjeomn og seks minuttar med ventetid. Er det ikkje
fantastisk?
Det er flott å leve i Noreg i året 2008. Alt strevet andre har levd med, har gjort at me
ikkje treng å gjera noko som helst. Me kjedar oss mesteparten av tida vår, noko som eg
meinar er eit teikn på at me har det utruleg mykje betre enn mange andre. ”Kva? Kjedar ikkje
barn og vaksne seg i for eksempel Afrika?”, tenkjer du kanskje no. Tenk deg om. Dersom du
er svolten, så kjeder du deg ikkje. Dersom du er redd for kva neste dag vil bringe, så kjeder du
deg ikkje. Dersom du går fleire kilometer, berre for å hente vatn, så kjeder du deg ikkje. Tenk
kor heldig du er som har mogelegheita til å kjede deg. Kanskje u-land også vil oppleve ein
slik framgang Noreg har hatt og dermed få lov til å kjede seg.
Når me tenkjer på endringane som har skjedd i landet vårt på hundre år, så er det litt
fantasisk. Me har det betre fysisk og lever lenger. Maskinene gjer det me er for late til å gjera
og ingen kunne tenkje seg noko anna i dag. Om det har gått for langt? Det er ein anna sak.
Korleis verda ser ut om hundre år er både spennande, men også forferdeleg skummelt å tenkje
på. Eg ser for meg robotar som steller dei eldre og fødslar der verken den biologiske faren
eller mora er til stades.
Ja, og kven veit? Kanskje me til og med er for late til å leve…

Ingen kommentarer: