mandag 20. april 2009

Kva ler folk av i dag?

Tone Mjelde, 2007

Me ser og høyrer ofte komikarar som erter og gjer narr av namngjevne folk eller grupper av
folk. Desse programma er nokre av dei mest populære programma på TV og radio. Me ser og
ler av komikarane som spring rundt og førestiller kjende personar. Både kulturar og religionar
blir gjort narr av. Finns det ikkje ei grense for kva ein kan spøkja med?
Nokre kjendisar gjer så mykje ut av seg sjølv at det verker som om dei vil ha all den
oppmerksemda som media kan gje dei. Media lar sjølvsagt ikkje sjansen gå frå dei og skriv
ned alt dei ser, og litt til. Dersom kjendisane ikkje gjer noko for å få oppmerksemd, finn
media likevel noko å dra fram. Ein dårlig ”hairday” eller nye klede kan bli gjort om til noko
heilt anna. Dei lagar raskt ti høns av ei lita fjær og det går ikkje mange timar eller dagar før
heile landet veit det. Komikarane fortel og overdriv, mens folket sit heime i sofaen og koser
seg med programmet. Kjendisar som blir hetsa og erta på denne måten har valt det sjølv.
Dersom ein går inn i kjendislivet må ein ta både fordelane og ulempene med det. Den store
ulempa er akkurat dette med ertinga.
Folkegrupper som: homofile, funksjonshemma, overvektige, ”emo`er” (som går i
svarte klede, høyrer på punk/rock, mykje svart sminke osv.) eller dei med forskjellige
religionar, blir ofte nemnd for å gjerast narr av. Desse folkegruppene blir lagt fram som om
dei har lik personleik, verdiar og ser like ut, kunn fordi dei har same sjukdom eller trur på det
same. Det er ikkje sjeldan ein ser ein komikar som spring rundt i rommet og leikar
funksjonshemma. Han viser dei dårlige sidene og ulempene med personane, mens dei gode og
normale sidene ikkje kjem fram.
Otto Jespersen lagde underholdning då han stor utanfor Stortinget og brende Bibelen. Eg
hugsar ikkje kvifor eller kva han ville vise, men eg reknar med at tanken som eigentlig låg
bak alt saman var å gjera programmet hans endå meir populært.
”De syv dødsyndene” vart tidligare vist på TV2. Programmet gjekk ut på Christoffer Skau
skulle gjera alle dei sju daudsyndene for å vekke liv i Gud. Han meinte at det hadde gått alt
for lang tid sidan Gud sendte Jesus ned på jorda. Dette programmet lagde store overskrifter i
aviser og protester frå både kyrkja og vanlege folk. Mange meinte at dette var uakseptabelt og
at Skau spytta på kristendommen. Samtidig gjekk sjåartala til himmels og både Christoffer
Skau og TV2 tente mykje på serien.
Det er vanskelig for ein TV kanal å kutte ut slike program, sidan sjåartala og
inntektene er høge. Etikk og Moral hamnar kanskje lenger bak i rekka dersom det handlar om
store pengesummar. NRK har lite av denne typen underholdningsprogram, noko som gjer at
kanalen får ein god del av sjåarane som er imot hetsinga og ertinga. Samtidig mistar kanalen
fleire og fleire sjåarar, fordi underhaldningsprogram med komikarar som Otto Jespersen og
Christoffer Skau blir meir og meir populært.
Ertinga kan påverke samfunnet, fordi det lages tydelege grupper som skil dei som likar
programma til dei som ikkje gjer det. Folkegruppene som blir framstått som idiotar får
inntrykk av at resten av landet gjer narr av dei. Barn kan få med seg ertinga og fortel det
gjerne vidare til andre barn. Dersom ein voksen mann seier noko på TV er det vell riktig….
Programma kan samtidig vera ein positiv ting. Det provoserer og lagar liv. Utan slike
program hadde me kanskje ikkje tenkt over korleis desse folkegruppene har det. Me blir no
tvungen til å sette oss inn i saken og førestille oss korleis dei har det. Det skaper debatter og
diskusjonar som forandrar eller forsterkar folk si meining. Me kan velje å la ertinga og hetsen
fortsette, eller å protestere. I dagens samfunn blir det meir og meir viktig å kunne takle press og kritikk frå andre.
Ein skal respektere at andre har ulike meiningar enn deg sjølv og at ikkje alle er like. Dersom
ein ynskjer tilbakemelding eller råd kan ein klikke seg innpå ein nettstad eller ringe ein
telefon og ein blir heile tida konfrontert med andre sine meiningar. Det er derfor viktig å
kunne holde på sine eigne meiningar samtidig som ein forstår andre sine. Dette kan me lære
ved å være ueinige og å ha diskusjonar som for eksempel hetsinga frå komikarar fører til.
Men det er ei grense… Eg likar stand up komikarar og underholdningsprogram, og ler
ofte med når nokon etterliknar folk. Eg meinar at det er viktig å ha litt sjølvironi og å kunne le
med på etterlikningar utan å ta alt så alvorleg. Dersom personar med ein sjukdom eller ein
bakgrunn blir hetsa av komikarar, ser eg på det som heilt annleis. Etter min meining brukar
komikaren då veldig skitne knep for å sikre seg sjåarar. Dersom eg hadde blitt erta og hetsa på
TV av komikarar fordi eg for eksempel var blind, hadde eg følt at det hadde vore både
urettferdig og forferdelig sårande. Eg har ikkje valt å bli blind, og eg kan heller ikkje gjere
noko for det.
Eg synest alle burde tenke gjennom korleis ein sjølv hadde hatt det dersom ein for eksempel
var funksjonshemma og heile tida såg eller høyrte komikarar springe rundt og etterlikne noko
som skulle førestille deg. Kva er viktigast å tenkje på: Sjåartala og inntekta eller etikk og
moral?

Ingen kommentarer: